Flott snørekjøringstur i går,  NY FELLESTUR ONSDAG 20 JANUAR KL. 18

7 hunder boltra seg på Ulvenvatnet i går

Me vart ein flott liten gjeng med totalt 7 hunder som tok turen til Ulvenvatnet i Os for å snørekjøre torsdag kveld under perfekte forhold. Etter eit par runder ble me stående på isen for ein liten prat medan nokre av unghundene fekk lov til å “rase frå seg” med litt leik før me gjekk kvar til vårt. Me gjentar dette neste veke dersom forholda held seg, noko det er meldt at det skal. Så møt opp med hund, trekkutstyr, ski uten stålkant (og hodelykt om du har) ONSDAG 20 JANUAR KL.18.00, denne gong parkerer me ved Os Roklubb sitt lokale for lettare tilkomst til vatnet. Då kjører du ned til vatnet like ved Os Legevakt/Os Yrkesskule (vis a vis det gule Alsakerbygget) og parkerer ved sida av Roklubben sitt lokale.
Ring 97689335 (Linda) for info/veibeskrivelse viss du ikje veit kor dette er. Velkommen på tur….

• 15.01.10 • AktueltTips en venn
Side 1 av 1