Helga 6 til 8 mai vart det for første gong arrangert Vestlandstreff på Vassenden i Jølster. NBK medlemmar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var inviterte til å være med.
Totalt 23 personar med stort og smått var i løpet av laurdagen innom treffet, og vi hadde med oss 16 hundar. Veit at det var enno fleire som hadde hatt lyst til å være med, men våren er ei travel tid og mange måtte takke nei.
I løpet av helga vart det gitt mykje informasjon om ulike tema, og tilbakemeldingane frå dei frammøtte var gode. Det var tidvis ein svært ivrig forsamling som utveksla mykje informasjon
Informasjon om landstreffet i Porsgrunn vart også gitt ut, og ein håpar at fleire av dei frammøtte tar turen nedover der for å sjå korleis dette foregår. Så godt som alle fekk sjansen til å teste seg og hunden ut i ”utstillingsringen”, og dei klarte seg veldig fint. Så vi håpar at fleire vil prøve seg på ein skikkeleg arena med det første.
Felles grilling laurdag kveld var ein fin avslutning på ein lang dag. Søndagen vart avslutta med ein liten barn og hund konkurranse, før ein heilt til slutt tok ein felles tur langs den nye ”hyttevegen” som kryssa Bjørklia skisenter.
Vi var alle einige i at vi hadde hatt ein fin helg. Takk til alle dei frammøtte for ein triveleg samling!
Meir utfyllande referat vil komme i neste nummer av Fuglehunden.
Jan B. Skrøppa
Da er programmet til Vestlandstreffet klart.
HER finner du info og program for “Vestlandstreffet 2011”
Arrangør hundeutvalget i NJFF Sogn og Fjordane.
Her er en fin moglegheit til å få trent hunden i fjellet på rype. Gaularfjellet er kjent for å ha en god rypebestand. Vil oppfordre alle til å melde seg på dette flotte tiltaket til NJFF Sogn og Fjordane. Sjå: http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/artikkel?element_id=100277905
![]()
Suhlegan Bea (Piney Run Sam - Suhlegan Soda), eier Arnfinn Blø, oppdretter Øyvind Nagelhus, fikk CERT og ble BIR og 3 BIS på Møre og Romsdal Fuglehundklubbs utstilling på Ørskogfjellet.
DK for Vestlandet Nord og Hordaland ynskjer alle medlemmar i NBK velkomen til trening på Gaularfjellet i Sogn og Fjordane den 20 og 21.februar. Treningssamlinga er i regi av Sogn og Fjordane Jeger- og Fiskeforrening. Det vil bli lagt opp til trening i fjellet, med slepp av to og to hundar. Dette er ei fin trening for både unge og eldre hundar, men ein oppmodar spesielt eigera med unge hundar til å bli med. Treninga er heilt uformell, og kan være ein fin “peikepinn” på korleis hunden ligg an i “modningsprosessen” når det gjeld å jakte i samslepp med andre hundar. Er hunden klar for å kanskje prøve seg på meir “formelle samlingar”, så er det mange jaktprøver dei kommande helgane etterpå og heilt fram til godt ut i april. På Gaularfjellet vil det blir arrangert jaktprøve helga 27. og 28, februar, i regi av Sogn og Fjordane Jeger- og Fiskeforrening. Gaularfjellet er kjent for å ha ein relativt god bestand med rype. Les mer her.
Vil du vete meir om treningssamlinga eller melde deg på, ta kontakt med DK Hordaland, Olaf Hafstad, tlf 957 79319 eller e-post olaf.hafstad@myhome.no eller Henning Fureli (Sogn og Fjordane JFF), tlf 917 55583.
Vel møtt!
På Sogn og Fjordane JFL si prøve på Gaularfjellet 28.02-01.03 vart Stina (NUCH Xalou van’t Biekesbos - Geilanes FP Tanja) til Svein Gravdal beste AK-hund, med 1AK og 3AK.
NBK gratulerar!
NJFF – Sogn og Fjordane har invitert oss med på treningssamling helga 2. – 4. mars på Gaularfjell i Sogn og Fjordane. Dette er først og fremst for medlemmar som held til i distriktet Vestlandet Nord, men skulle det bli plass, er det sjølvsagt moglegheit for andre NBK medlemmar å bli med.
Gaularfjell er kjent for å ha ein god rypebestand, så moglegheiten for at dei fleste hundane skal kunne få sjanse på fugl skal være svært god. Hundane vil bli slept to og to, og ein instruktør vil være med å instruere og gje tilbakemeldingar.
I disse båndtvangtider er det mange som stiller på utstilling med sine håpefulle. DK Vestlandet Nord har i den forbindelse fått Ann Kaetrin Handberg til å ta turen hit til oss for å lære oss å klippe hundene våres og også demonstrere utstillingsteknikk.
Oppmøte på verkstedplassen til Astorplast AS, torsdag (Kristi Himmelfartsdag) kl.13.
Alle som er interessert er hjertelig velkomne!
Svein Gravdal
, Abrahamhjellen 7, 6800 Førde. Tlf 57826831 / 91647926
, Hornnesvegen 99, 6800 Førde. mob 997 03229
, 6095 Bølandet. tlf 70 08 73 67 / 916 36 910
Lørdag 1. April (og det var ikke en aprilsnarr…) inviterte Atle og Bente Storvik til treningssamling i hjemmeterrengene mellom Stadt og Røst. 11 hunder møtte opp på tross av at natt til lørdag ga oss både snø, sludd og regn.
Ønsker herved at alle som har mulegheit til å vere med på ein felles fjelltur. Vi har fått løyve til å trene hund på ein del av Gurskøy Laurdag 1 april. Vi legg opp til ein sosial tur med grilling etc for no er det båndtvangen like om hjørnet. Ta med grillmat og tilbehør sjølve. Dette er det terrenget vi på ytre vanlegvis bruker å trene i. Det er veldig lettgått og oversiktlig og trur også at vi skal finne noen ryper/orrfugler.