NM-lag Høgfjell / Lavland 2010

NM-lag Høgfjell
Norsk Gordonsetterklub står som arrangør av NM-lag høgfjell på Kongsvold torsdag 2. september 2010.
Uttak skjer ved at dei 3 hundane med flest championatpoeng frå haustens VK blir tatt ut til laget. Manglar ein hundar med VK premieringar innan påmeldingsfristen som er den 29. august, så kan den/dei hundane med flest opptjente championatpoeng frå vinterprøvene 2010 bli tatt ut (forutset sjølvsagt at den/dei hundane er i god form også “idag”). Ein hund skal også stå som reserve.
NM-lag Lavland 2010
Østfold Fuglehundklubb står som arrangør av NM-lag lavland i Østfold torsdag 7.oktober 2010. Er i utgangspunkt same regelverk for uttaket her som for laget på høgfjell, men i mangel av hundar som stiller i VK på lavland, så må ein sjå tilbake på dei resultata som har vore i både VK og AK frå dei siste haustane og ta ut 3 hundar utifrå dette. Ein treng hundar med erfaring og gode resultat på denne jaktprøvegreina, til å stille på NM-laget.
NBK skal melde på laget innan 3. oktober. Ein hund skal også stå som reserve.

Meld fortløpane inn resultat frå haustprøvene til: .(JavaScript must be enabled to view this email address)

Ein ynskjer alle lukke til på prøvene framover!

Avlsrådet i NBK

• 19.08.10 • AktueltTips en venn
Side 1 av 1